Prosjekt B

Hopp til menyen


Møtereferat — Team 1

Saker

  1. Status for team 1:
    Kva har vi gjort?
  2. Planlegge neste iterasjon:
    Kva skal vi gjere?
  3. Planar for heile prosjektet:
    Korleis skal vi jobbe vidare?
  4. Eventuelt

Avgjersler

  1. Status for team 1
    Gjekk gjennom alle dokumenta som skulle vere ferdige ved første iterasjon og gjorde opp status.
    • Visjonsdokument: Ferdig, treng gjennomlesing og reinskriving. Øyvind tek ansvaret.
    • Ikke-funksjonelle krav: Ferdig.
    • Overordna prosjektplan: Manglar tidsestimat, dette må skrivast.
    • Iterasjonsplan: Er meir eller mindre skrive inn i overordna prosjektplan. Øyvind vil sjekke om det er naudsynt å skrive eit eige dokument.
    • Risikoliste: Må jobbast med, tek opp dette i stormøtet seinare i dag.
    • Brukstilfeller: Er ferdig, men det har skjedd endringar. Åshild tek ansvaret(?).
    • Heimesida: Er så og seie ferdig. Jobbast med kontinuerleg under heile perioden.
  2. Planlegge neste iterasjon
    Følgjande må gjerast i neste iterasjon:
    • Fullføre dokumenta ovanfor.
    • Domenemodell og begrepsliste: Må setjast saman til eit HTML-dokument. Christoffer tek ansvaret.
    • Systemarkitektur: Alle saman les om systemarkitektur til i morgon, før vi jobbar med dette dokumentet.
  3. Planar for heile prosjektet
    Dette vart ikkje teke opp på dette møtet.
  4. Eventuelt: Stormøte i dag
    Det er behov for eit stormøte snarast, for å høyre korleis det går med alle teama. Vi har sett opp følgjande saksliste for eit møte i dag:
    1. Risikoliste
    2. Status
    3. Kommunikasjon
    Møtet er sett til kl. 15.30 på klasserom A724.

Neste møte: Ikkje fastsett.


Oppgaven

Prosjekt B